Då var avgjerda tatt - vi flyttar til Molde i sommar, og til hausten byrjar eg med undervisning ved Molde vgs. Juhu! Eg gler meg! Fjell og fjord, fotball og jazz, herleg dialekt og patriotisme - og høgst truleg mange kjekke elevar og kollegaer. Men jammen har det svirra mange ulike tankar rundt i toppen denne våren, med alle vurderingar eg og mannen min skulle gjere og val vi skulle ta, og ikkje minst med usikkerheit om jobb. No ser saker og ting ut til å ordne seg.
Det gjenstår å fullføre skuleåret ved RSiO med stil. To klasser med flotte 15-16-åringar skal ha endå nokre timar i norsk og data før dei forsvinn til vgs, og eg skal korrekturlese ein haug med vitnemål. Pluss pluss. Eg kjem til å sakne Rudolf Steinerskolen i Oslo. Og eg trur eg kjem til å sakne å ha tiandeklassingar. Dei kan vere så livlege, så opne, så mogne for samtaler om viktige tema, og det har ikkje falle dei inn enno at dei må vere for kule til å like lærarane sine...
Men frå hausten av er det altså vidaregåande som gjeld, og det kjennest bra, det òg. Sannsynlegvis vil eg få mykje norsk det første året, ispedd litt historie. Det står att å sjå når streiken blir avblåst og eg får høyre frå timeplanleggjarane på MVGS. Så kva vil eg fokusere på som norsklærar komande år? Her er nokre spreidde tankar:
Digital kompetanse for elevane sin del. Noko av utfordringa her kan bli å velje ut kva verktøy dei skal bli kjende med, når forskjellige saker skal introduserast, samt å finne ut kva nivå dei er på frå før. Eg treng ein god plan for arbeid med kjeldebruk.
Digital kompetanse for meg som lærar. Det er her denne bloggen kjem inn, blant anna. Skal eg kunne vegleie elevane på noko fornuftig vis i den digitale jungelen, må eg pent bli litt betre kjent her sjølv først - og undervegs. Eg har også ein plan om å eksperimentere ein del på rette- og vurderingsfronten. Både vil eg ta opp att bruken av Markin frå det første året mitt som vgs-lærar, i 2009/10, og så vil eg prøve meg med munnleg retting av tekstar ved hjelp av Screencast-O-Matic - takk for god idé frå bloggen til lektor Laastad. Kanskje kan vi få til noko innan prosesskriving eller samarbeidsskriving også?
Lesing! Eg fekk ein god idé frå eit gamalt blogginnlegg av Margreta frå 2009. Kva med å planleggje eit tekstkorpus som vi les i ulike samanhengar på hausten i vg1, for så å vende tilbake til dei same tekstane på våren, med andre og ulike briller? Det verkar potensielt veldig lærerikt.
Nynorsk - korleis gjere dette til noko som er ålreit å jobbe med? Eg er, ikkje overraskande, glad i nynorsken sjølv, og det er jo eit greitt utgongspunkt, men dessverre langt frå tilstrekkjeleg. Eg tenkjer at elevane må få ei oppfrisking av det viktigaste innan formverket, utan at nynorsken blir for sterkt knytt til keisam grammatikkterping. Så må vi finne fram til ein del spenstige nynorske tekstar, og dei må få nokre interessante, og ikkje for omfattande, skriveoppgåver. Men her manglar eg førebels dei store, gode idéane. Vi får sjå kva som kjem til etter kvart.
Korleis bli betre til å skrive? Elevane bør bli gradvis introduserte for ulike sider ved tekstproduksjon. Dersom avsnittsbruk, oppbyggjing av argumentasjon, setningsbyggjing, rettskriving, variasjon i språket, unt zu weiter kjem på ein gong, kan nokon og kvar bli demotivert. Her trengst det planlagt progresjon.
Elles skal det bli veldig spennande å etter kvart sjå resultatet av læreplanrevisjonen som er på trappene. Den vil jo òg vere med på å forme årsplanar og val av tyngdepunkt. Og sjølvsagt er eg spent på samarbeidet med dei framtidige norskkollegaene mine. Håpar dette blir bra!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar